forsiden

 

Valle kommune sitt kommunale stipend

Legat-id:4258

Formål:
stipend til elevar som står i Valle folkeregister, og som tek vidaregåande utdanning.

Hovedtekst:
1. Elevar som står i Valle folkeregister, og som tek vidaregåande utdanning kan få tildelt nkr 5.000 i kommunalt stipend. Storleiken på stipendet kan verte endra i samband med budsjettendringar i kommunestyret.

2. Utdanninga må vere på heiltid. Heilårs skulegang gjev fullt stipend, eit semester gjev halvt stipend.

3. Kvar søkjar kan få tildelt fullt stipend opptil 3 gonger utan aldersavgrensing, eller inntil 5 gonger dersom ein har rett til/fått fagleg tilrådd vidaregåande utdanning over 5 år.

4. Lærlingar, deltakarar i AMO-kurs eller utdanning under attføring får ikkje stipend.

5. Stipendet vert tildelt i vårsemesteret og gjeld inneverande skuleeår (haust/vår).

6. Administrasjonen fastset søknadsfrist og kunngjer stipendordninga kvart år i god tid før fristen går ut.

7. Søknad må skrivast på eige skjema.

8. Berre korrekt utfylte søknader vert handsama.

9. Mottakar av stipend som ikkje fullfører skuleåret, må snarast råd melde frå om det med attestasjon frå skulestaden om kor lenge skulegangen varte. I slike høve må mottakaren betale attende delar av stipendet, rekna ut frå kva tid ein avslutta skulegangen. Fullføring av ¾ skuleår som ein har fått stipend for, fører ikkje til attendebetaling.

10. Dersom det viser seg at ein mottakar av stipend ikkje har gjeve korrekte opplysningar i søknaden, eller unnlate å melde frå om endringar (jf. pkt. 9), kan stipendet verte kravd attende og/eller han kan verte utelukka frå seinare tildelingar.

Dokumenter:
Søknadsskjema

Kontaktinformasjon:
Forretningsfører:Valle kommune
Postadresse:Postboks 4
4747 Valle
Telefon:37 93 75 00
Faks:37 93 75 15
E-post:post@valle.kommune.no

Organisasjon (Stiftelse, firma, kommune, person, m.m.):
Valle kommune

Legatet tilhører disse kategoriene:
Geografisk Betinget >Aust-Agder >Valle

  

 

 

 

 

 

 

Copyright Legatsiden.no

alle rettigheter reservert - kopiering ikke tillatt uten skriftlig samtykke